Ledig stilling

Efinor Hotell Florø ligg nær sentrum i kystbyen, og få minutt unna Florø lufthamn.
Hotellet er nylig oppgradert, og tilbyr billig overnatting i hotellrom i fine omgjevnader.

No styrker vi staben og har difor fleire ledige stillingar i eit innovativt arbeidsmiljø.
Vi søkjer medarbeidarar som kan vere med på å utvikle kvaliteten ved hotellet vårt i Florø vidare, og som forpliktar seg til verdiane våre.

EFINOR FLORØ HOTELL SØKJER MEDARBEIDARAR

Du vil få ansvar for arbeidsoppgåver knytt til resepsjon, kundeservice, booking, servering og reinhald. Vidare å gi opplæring til nye medarbeidarar og følgje opp rutinar.

Vi ønskjer at du:
• Er engasjert og serviceinnstilt, med fokus på kunden.
• Har gode haldningar, er til å stole på og tek ansvar.
• Tenker løysningsorientert og har evna til å skaffe deg overblikk i krevjande situasjonar.
• Har ei positiv og motiverande haldning.
• Er fleksibel og har evna til å snu seg rundt på kort varsel.
• Kan arbeide både sjølvstendig og i team.
• Snakkar norsk og engelsk.
• Er nøyaktig, effektiv og kvalitetsbevisst.
• Er minimum 18 år.
• Kan vise til gode referansar

Erfaring frå hotell og liknande arbeid, gjerne med fagbrev innan hotell- og restaurant, er ein fordel, men ikkje eit krav.

Vi kan tilby:
• Fast og trygg jobb i ei bedrift med gode verdiar.
• Varierte arbeidstider og arbeidsoppgåver.
• Lønn etter tariff, ansvarstillegg etter tariff.
• Eit flott arbeidsmiljø med gode kollegaer.
• Kurs og naudsynt opplæring.
• God oppfølging.
• Moglegheit for karriereutvikling.
• Tilgang til båt og utstyr til fritidsaktivitetar på sjøen
• Moglegheit for bustad på staden.

Arbeidsstad: Florø
Søknad med CV sendes til HR koordinator v/Trine Falkenstein: trine@efinor.no / + 47 915 342 57

Søknadsfrist 30. april.